Klar for opning av ny bruktbutikk på Ål
Fredag 25.august klokka 12.00 opnar bruktbutikken Galleri Normisjon Ål i ledige lokale i Evjens Minne på Øvre Torg på Ål i Hallingdal. Bruktbutikken er den tiande i rekka av Galleri Normisjon sine bruktbutikkar og har eit breitt vareutval; klede og sko, møblar, bøker og leiker, serviser og glas og mykje anna.
Skrevet av: Lillian Dombestein, 18. august 2017
Opningsdagen blir ein festdag med taler og snorklipping, musikalsk innslag ved diakon i Ål, Hilde Kirkebøen. Kaffi og kaker til dei frammøtte.
Dagen etter, lørdag 26. august, opnar også kafé i underetasjen i Evjens Minne. Kafeen skal vere ein arbeidstreningsarena i samarbeid mellom fleire aktørar og bidra til å skape miljø rundt bruktbutikkane.
Galleri Normisjon Ål er eigd av Normisjon sentralt og leiger 2.etasje i Evjens Minne av Ål Normisjon. Bruktbutikken skal i første runde ha ope torsdag, fredag og laurdag med same opningstid som nabobutikken Deaf Aid (også bruktbutikk). Kaféen i underetasjen skal ha same opningstid som bruktbutikkane.
Overskotet frå salet i Galleri Normisjon Ål skal delast mellom arbeid for barn og unge i region Vestfold og Buskerud, og eit heilt nytt misjonsarbeid i Senegal i Vest-Afrika. Dette prosjektet blir og støtta av kyrkjelydane i Ål.
Som alle dei andre bruktbutikkane i Galleri Normisjon, er også Galleri Ål drive på frivillig basis og rundt 20 medarbeidarar stiller opp for den nye butikken. Galleri Ål er leia av ei lokal styringsgruppe beståande av frå høgre:Berit Marie Opsata, Gunnvor Kreken, Narve Thorset (sittande), Randi Tveito, Bente Sletten og Rita Johannesen (vara, ikkje med på bildet).
Galleri Normisjon opna den første bruktbutikken i 2013 i Oslo. Sidan er det opna butikkar i Gjøvik, Sandes, på Askøy, i Aksdal, Drammen, Sørumsand, Iveland og ein rein klesbutikk i Oslo. Nærare 400 frivillige er no engasjert i dei 10 bruktbutikkane. Galleri Normisjon hadde i 2016 ei omsetning på 5,3 millionar kroner. I 2017 er budsjettert mål 6 millionar kroner. Halvparten av desse midlane går til ulike felt av Normisjons misjonsarbeid etter avtale med dei enkelte butikkane. Besøk Galleri Normisjon Ål si facebook-side her.
Les meir om butikken i artikkelen her.