Normisjons tiande bruktbutikk tar form

Denne våren har det vore travel aktivitet på Ål i Hallingdal for å klargjere lokala i den gamle kaféen på Evjens Minne til det som blir Normisjons tiande bruktbutikk. Fredag 25.august klokka 12 opnar butikken som skal selge alle slags bruktvarer med hjelp av frivillig arbeidskraft.

Skrevet av: Lillian Dombestein, 30. juni 2017

Den siste fredagen i august blir det stor opningsfest på Ål med festkake, snorklipping og musikkinnslag ved diakonen på Ål, Hilde Kirkebøen. Rundt 250 kvadratmeter sentralt på Ål skal huse Galleri Normisjon Ål, som bruktbutikken heiter. Butikken skal den første tida ha ope torsdag, fredag og laurdag med same opningstider som nabobutikken Deaf Aid.

Frå venstre: Bente Sletten, Randi Tveito, Gunnvor Kreken (styreleiar) og Elin Gryting. 

Det er sosialt å vere med i Galleri Normisjon. Her frå eit styremøte der Elin Gryting overraska styret med deilig bløtekake. 

 – Vil du bli med som medarbeidar i bruktbutikken Galleri Normisjon Ål saman med denne fine gjengen? 

Støtte Senegal og Acta
 – Me er sjølvsagt spente på korleis dette vil gå, seier leiar for den lokale styringsgruppa i Galleri Normisjon Ål, Gunnvor Kreken.
Ho fortel at styret for bruktbutikken har bestemt at overskotet frå drifta skal delast mellom Normisjons pionérarbeid i Senegal i Vest-Afrika og Normisjons arbeid for barn og unge i regionen (Acta) som Ål er del av, Vestfold/Buskerud. Med seg i styret har Gunnvor Kreken fått Berit Marie Opsata som butikksjef, Randi Tveito, Bente Sletten og Narve Thorset. Sistnemnde har leia arbeidet med å pusse opp dei gamle kafélokala til bruktbutikk. Også det er gjort som dugnadsarbeid. Så langt har rundt 20 personar meldt seg som frivillige, men det er plass til fleire. 

Narve Thorset har sjølv laga stativa i Galleri Normisjon Ål som no står klar til å fyllast med gode og pene bruktplagg for både barn, kvinner og menn. 

Varierte oppgåver
Det trengs mange hender i ein bruktbutikk, folk som er flinke til mange ulike ting. Varer skal pakkast opp, vaskast og prisast på riktig vis, stillast ut så det ser pent ut, reparerast og mykje meir. I alle Galleri Normisjons butikkar legg ein vekt på å møte folk på ein god måte. Det skal vere ein trivelig sofakrok i butikken med tende lys og varm kaffi på kanna – og gjerne noko å bite i. Nokon må også ta hand om denne oppgåva og vere vertinne for kundane som kjem innom. Det trengs også folk som kan køyre rundt i lokalmiljøet og hente varer som folk vil gi til bruktbutikken, men ikkje kan frakte sjølv. 

Finn.no
Eit særpreg for alle butikkane i Galleri Normisjon er sal av varer på nettstaden finn.no. Galleri Ål har alt fått medarbeidarar som vil ta hand om den oppgåva det er å ta bilder av varer, måle lengde og bredde og legge ut varene. På denne måten kan kundar over heile landet sjå varene. Folk køyrer ofte langt for å skaffe seg unike godbitar. Andre ting kan butikken sende i posten til kundar over heile landet. Fleire av butikkane i Galleri Normisjon melder at rundt 30 prosent av handelen skjer fordi kundane har sett varene på finn.no. Ei eiga facebook-side er også på plass, og i tillegg er alle Galleri Normisjon sine butikkar presentert på gallerinormisjon.no. 


Galleri Normisjon Ål skal selge klede, sko, møblar, glas og porselen, bøker og leikar, sportsutstyr og mykje anna. For kontaktinfo til Galleri Normisjon Ål klikk her.

 Frå før av har Galleri Normisjon to butikkar i Oslo, ein i Drammen, Sørumsand, Gjøvik, Iveland, Sandnes, Aksdal og Askøy.